Ope seminar - Med naturen som arena for helsebringande arbeid

Institutt for psykologi inviterer til eit ope seminar om bruk av naturen i relasjonelt arbeid.

Avdeling for barn og unges psykiske helse (ABUP) ved Sørlandet sykehus HF har over mange år arbeid fram friluftsterapi for barn, unge, familiar og grupper. Vibeke Palucha og Carina Ribe Fernee er no invitert til Tromsø for å orientere om sitt arbeid.
Dei har ansvar for vidareutdanning i «Naturbasert terapeutisk arbeid» ved Universitetet i Agder: Naturbasert terapeutisk arbeid (Videreutdanning) - Universitetet i Agder. Dei vil også orientere om det regionale forskings- og utviklingsprosjektet «Vill Vekst», med natur- og erfaringsbaserte tilnærmingar i helsetenester, skolar og fritidsarenaer: Vill Vekst - Universitetet i Agder. (For lesestoff, sjå «Utendørsterapi – En introduksjon»: Utendørsterapi | Cappelen Damm.)

På nyskapande måte vil dei ta oss med inn i sitt arbeidd for at folk kan kome i tale med seg sjølv og med andre på nye måtar.

Seminaret er ope. Inga påmelding. Inga avgift.

Aktuelt for: Skoleverk, helsevesen, UNN, barnevern, fengselsvesen, psykisk helsevern, familievern, frivillige organisasjonar, recovery-engasjerte, Støttesenter mot incest, Krisesenter, ATV og personar med interesse for naturen som arena for dialog, nettverks-bygging, endringsarbeid.

Program:

Kl. 08:45: Møtepunkt: Kaffi/te i inngangspartiet
09:15-09:25: Velkomst ved instituttleiar
09:25-10:15: Introduksjon ved Vibeke Palucha og Carina Ribe Fernee:
Naturen som helsebringande arena for dialog, nettverks- og relasjonsarbeid:
Inspirasjonskjelder og framgangsmåtar
10:15-11:15: Konkret praksis
11:15-12:15: Lunsj. Dialogsamtalar
12:15-13:15: Om forsking og utviklingsarbeid - eksempel Vill Vekst
13:15-13:30: Kaffi/te
13:30-14:30: Framhald: Relasjonelle utfordringar og konkret praksis
14:30-15:15: Refleksjonar sett frå urfolksperspektiv: v/ArnâraK’ Patricia Bloch (PhD-stipendiat og spesialkonsulent, Sjølvmordsførebygging og folkehelse i Grønlands Inuit Sirkumpolare Råd) og Kari Wergeland Teigmo (Familieenheten, SANKS Karasjok, Sámi klinihkka, Finnmarkssykehuset).
15:15-16:00: Å ta med heim? Perspektiv for vidare arbeid.

Det kan bli små endringar i programmet. Dagen inngår i undervising om familie-, relasjons- og nettverksarbeid under profesjonsstudiet i psykologi. Blir søkt godkjent som vedlikehaldkurs for legar og psykologar.

When: 10.12.26 kl 09.15–16.00
Where: Teorifagbygget, hus 1, Auditorium 2
Location / Campus: Tromsø
Target group: Employees, Students, Guests, Invited, Enhet
Contact: Anna Margrete Flåm
E-mail: anna.m.flam@uit.no
Add to calendar