Program

Konferanseprogrammet finner du som vedlegg nederst på denne sida.

Sammendragene blir lagt ut i månedsskiftet oktober/november.

 

Minikurs om datahandtering

På MONS 19 blir det arrangert eit minikurs om datahandtering i regi av partnarar i prosjektet CLARINO. Mellom dei er UiT Noregs arktiske universitet, universiteta i Bergen og Oslo samt Norges handelshøyskole (NHH) og NSD Norsk senter for forskingsdata.

Innhald og målgruppe 

Planlegg du å gå i gang med eit forskingsprosjekt der du/forskingsgruppa di skal samla inn og handtera data? Eller skal du rettleia ein student som skal i gang med eit slikt prosjekt? På dette minikurset vil du få ei praktisk innføring og oppdatering på beste-praksis-tilrådingar for datahandtering. Målet er at denne informasjonen skal hjelpa deg med å få dreis på datahandtering alt frå søknad og planlegging og gjennom heile prosjektet. Det vil også hjelpa deg med å oppfylla krav og tilrådingar frå institusjonen din, finansiørar (t.d. EU, NFR) og utgjevarar (t.d. tidsskrift).

Informasjon og kontakt

Meir utfyllande informasjon finn du i vedlegget nedst på sida. Ver god og ta kontakt med Rune Kyrkjebø, rune.kyrkjebo@uib.no, eller Helene N. Andreassen, helene.n.andreassen@uit.no, innan 22. oktober dersom du er interessert i å delta på kurset. For å kunne skreddarsy minikurset ønskjer arrangørane tips om kva tema og datatypar som er spesielt interessant for deg, t.d. korpus, kvantitative data, rettigheitshandtering, etc.




Attachments: