UiTs KI-dag – kom med dine innspel!

Illustrasjons-/bannerbilde for  UiTs KI-dag – kom med dine innspel!

Korleis skal UiT bruke kunstig intelligens (KI) på best mogleg måte? Korleis kan vi bli best i verda på trygg bruk av KI? Kva feller må vi unngå? På UiTs KI-dag set vi av ein halv dag til innspel og arbeidsverkstad. Du kan ditt fagområde best, og vi vil høyre di stemme!

PROGRAM Aud 2, Teorifagbygg 1, Breivika

Presentasjonene blir strøymde her. Verkstadene er digitale, lenkjer og meir info kjem.

09:00–11.00 – Kva bør ein KI-ambisjon for UiT vere?

  • Presentasjon frå rektoratet om førebelse ambisjonar og moglegheiter
  • Lyninnlegg frå ekspertar:
    • Kva meiner sektoren er viktig? Ved Anders Matlthe-Sørensen, leiar av nasjonalt utval for høgare utdanning.
    • UiT sin forskingsvirkelegheit med KI. Ved Robert Jenssen, leiar av SFI-en Visual intelligence.
    • UiT sin KI støttar ikkje samiske språk – og det er flaut. Ved Lars Ailo Bongo, leiar av Sami AI lab.
    • Kva forventar studentane? Ved leiar av studentparlamentet, Vilde Sirma-Tellefsen Hveen

11.00–13.00 – Verkstad og moglegheit for innspel

Vi vil ha DINE innspel på ambisjonar, barrierar og moglege virkemiddel.

Vi serverar kaffi og noko å bite i.

When: 27.11.25 kl 09.00–13.00
Where: Aud 2, Teorifagbygg 1
Location / Campus: Digitalt, Tromsø
Target group: Employees, Invited
Contact: Marko Lukic
E-mail: marko.lukic@uit.no
Add to calendar