UiTs KI-dag – kom med dine innspel!


Korleis skal UiT bruke kunstig intelligens (KI) på best mogleg måte? Korleis kan vi bli best i verda på trygg bruk av KI? Kva feller må vi unngå?
På UiTs KI-dag set vi av ein halv dag til innspel og arbeidsverkstad. Du kan ditt fagområde best, og vi vil høyre di stemme!
Kom til Aud 2, Teorifagbygg 1, i Tromsø eller sjå presentasjonene i Panopto her.
Vi vil ha DINE innspel på ambisjonar, barrierar og moglege virkemiddel. Vi set opp fire tematiske diskusjonsbord på alle dei fire hovudcampusane, kor du kan bidra med dine idear:
Tromsø: Solhallen
Narvik: Glassgata
Harstad: Foajeen
Alta: Kantina (tentativt)
Vi serverar kaffi og noko å bite i.
Om du ikkje kan delta fysisk, kan du levere dine innspel på Slido:
Forsking – Slido:
Utdanning – Slido
Administrasjon/støtte – Slido
Formidling – Slido