Historie - master

STUDIESTAD: Tromsø
Historie, master, uit.no

Historiemiljøet i Tromsø har spesialisert seg på samisk- og urbefolkningshistorie, nordområda, andre verdskrig, registrering av historiske data og demografi, eldre tids historie, norsk-russiske relasjonar, lese- og skrivehistorie, og historieteori og -metode. Masterstudiet i historie gir kunnskap for djupare historiefagleg samfunnsanalyse, men også kompetanse for generell kritisk analyse med overføringsverdi til andre fag. Du vil dessutan få auka forståing for historieforskinga sin metode og teori og utvikle ei meir sjølvstendig haldning til historisk kjeldemateriale og framstillingar.

Facts

Varigheit:2 År
Studiestad Tromsø
Credits (ECTS):120
Namn på grad:Master i historie.
Admission requirements:Bachelorgrad i historie
Application deadline:15. april
Application code:5034
Apply

Gjennom masterstudiet i historie lærer du deg historikarfaget. Du får sjølv prøvd deg på forsking gjennom masteroppgåva, og får trening i å vurdere kjeldemateriale, problemstillingar og litteratur innanfor eit avgrensa forskingsfelt. Du kan skrive om eit tema/problemstilling som du brenn for, anten aleine med rettleiar eller i forskingsgruppe eller eit forskingsprosjekt. Då kan du få støtte frå eit større nettverk, og bli kjent med eit større fagmiljø som forskar på det same som deg.

Studieprogresjon
Første semester er felles for alle studentane. Her får studentane ei innføring i forskingsdesign og i historiefagleg forskingsmetode (HIS-3xxx Forskingsdesign med metode,10 studiepoeng), fagleg fordjuping i teori (HIS-3xxx Historieteori, 10 studiepoeng) og ulike former for bruk av historie (HIS-3004 Historiebruk, 10 studiepoeng). Som del av emnet 3xxx Forskingsdesign med metode utarbeider studentane, under rettleiing, ei prosjektskisse for mastergradsoppgåva. I prosjektskissa skal det kort gjerast greie for tema for oppgåva, forskingsfeltet, kjeldesituasjonen, val av problemstilling og forskingsdesign – altså kva for metode og teori som skal nyttast – og det skal utarbeidast ein framdriftsplan for arbeidet med oppgåva. Som del av emnet HIS-3004 Historiebruk skal studentane hospitere i 5 dagar ved ein arbeidsplass kor historie og historiefaget på eitt eller anna vis har ein sentral plass i verksemda. Aktuelle arbeidsplassar kan til dømes vere museum, arkiv og bibliotek, offentleg forvaltning eller media. Studentane er inviterte til å kome med ønske om kor dei vil hospitere.

Også det andre semesteret er felles for alle studentane. No startar arbeidet med HIS-3900 Mastergradsoppgåve i historie (20 av 60 studiepoeng). Før starten av semesteret har studentane fått tildelt rettleiar, tildeling skjer på bakgrunn av prosjektskissa. For dei fleste av studentane vil det dette semesteret vere naturleg å kartleggje og samle inn kjelder, starte analysen av kjeldene og arbeide med innleiingskapittelet – og då særleg teori- og metodedelen. I løpet av semesteret legg studentane fram eit skriftleg kapittelutkast på masterseminaret. Framlegging og deltaking på masterseminaret er obligatoriske arbeidskrav. Emnet HIS-3xxx Forskingslitteratur (10 studiepoeng) er ei fagleg fordjuping i historiefaget si historie – historiografi – kombinert med målretta arbeid for å finne fram til og tileigne seg relevant forskingslitteratur knytt til tema for eiga masteroppgåve.

Tredje semesteret er det lagt til rette for å reise på studentutveksling til utlandet. Studentar som reiser på utveksling tar emne ved vertsuniversitetet tilsvarande 20 studiepoeng på 3000-nivå. Studentar som ikkje reiser på utveksling tar 20 valfrie studiepoeng med realhistorisk fordjuping på 3000-nivå, normalt emne á 10 studiepoeng innanfor fagområdet historie. Emne på 3000-nivå frå andre fagdisiplinar som har særskilt relevans for arbeidet med masteroppgåva bli innpassa i graden. Dette må søkjast om på førehand på individuell basis. Det er programstyret som behandlar søknadane, med instituttleiaren som klageinstans.
Uavhengig av om ein reiser på utvekslingsopphald i utlandet eller ikkje så held arbeidet med HIS-3900 Mastergradsoppgåve i historie (10 av 60 studiepoeng) fram dette semesteret. Dei fleste vil dette semesteret gjere seg ferdige med innsamlinga av kjelder og konsentrere seg om analyse og fortolking.

Fjerde og siste semesteret arbeider studenten på heiltid med ferdigstilling av HIS-3900 Mastergradsoppgåve i historie (30 av 60 studiepoeng). I løpet av semesteret må kvar student leggje fram eit skriftleg kapittelutkast på masterseminaret. Framlegging og deltaking på masterseminaret er obligatoriske arbeidskrav. Innlevering av masteroppgåva er normalt i midten av mai. Studiet blir avslutta med munnleg eksamen med utgangspunkt i masteroppgåva, dette skjer normalt frå slutten av mai og fram mot 23. juni.


Obligatoriske emne (oppdaterte emneskildringar på nett)

  • HIS-3xxx Forskingsdesign med metode (10 studiepoeng)
  • HIS-3xxx Historieteori (10 studiepoeng)
  • HIS-3004 Historiebruk (10 studiepoeng)
  • HIS-3xxx Forskingslitteratur (10 studiepoeng)
  • HIS-3900 Mastergradsoppgåve i historie (60 studiepoeng)

Valemne
Instituttet tilbyr normalt 3–4 valfrie realhistoriske fordjupingsemne á 10 studiepoeng på 3000-nivå kvar haust. Kva for emne som blir tilbydd varierer frå år til år. Normalt vil det minimum vere eit emne frå eldre tid og eit emne frå nyare tid, i tillegg til eit langsgåande engelskspråkleg emne (HIS-3005 History of Indigenous Peoples - Indigenous people, ethnic minorities and the multi-cultural society in the North). Oversikt over kva for emne som blir tilbydd og oppdaterte emneskildringar er tilgjengelege på nett.


Eksamen/vurdering
Emna har ulike eksamensformer, blant anna heimeeksamen, munnleg eksamen og prøveforelesing. Eksamensform er spesifisert i dei enkelte emneskildringane. Alle emna er vurdert etter karakterskalaen A-F, der A er beste karakter, E er dårligast og F er stryk (ikkje bestått). Det blir gitt høve til å gå opp til kontinuasjonseksamen ved karakteren F. Emnet HIS-3001 har dessutan evalueringsforma greidd/ikkje greidd.

Semester 10 studiepoeng 10 studiepoeng 10 studiepoeng
1. sem (høst)
Hospitering 5 dagar
2. sem (vår)
HIS-3xxx Forskingslitteratur
3. sem (høst)
Valfritt emne på 3000-nivå / utveksling
Valfritt emne på 3000-nivå / utveksling
4. sem (vår)

Kunnskap og forståing

Kandidaten

  • har eit omfattande og avansert realhistorisk kunnskapsgrunnlag og spesialisert innsikt på særskilte område av historiefaget
  • har inngåande kunnskap om historiefagets metode, tradisjonar og samfunnsmessige eigenart
  • har ei kritisk og sjølvstendig haldning til kjeldemateriale og faglege framstillingar
  • har ei avansert forståing av kva som skaper endring over tid

 

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan handtere store informasjonsmengder og kan systematisere, strukturere, dokumentere og framstille historisk fagstoff
  • kan analysere historiefaglege problemstillingar med utgangspunkt i historiefagets teori, metode og forskingshistorie
  • kan nytte fagleg og teoretisk kunnskap på fleire område innan fagdisiplinen historie
  • kan sjølvstendig framstille historiske fenomen eller problemområde både munnleg og skriftleg, ved hjelp av historiefaglege teoriar, metodar og fagets forskingshistorie
  • kan under rettleiing gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsarbeid basert på empirisk kjeldemateriale og fagets teori og metode, i samsvar med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan oppdatere kunnskapen sin innan fagdisiplinen historie og nytte kunnskapen på nye fagområde innan historiefaget

 

Kompetanse

Kandidaten

  • kan utføre ein historiefagleg analyse og gje ei god framstilling av problemområdet
  • kjenner historiefagets eigenart og har kunnskap om faget sine omgrep og uttrykksformer
  • kan greie ut, analysere og strukturere store mengder med avansert informasjon på nye fagområde innan historiefaget
  • kan formulere og kommunisere avanserte sider ved historieforsking og utgreiingsarbeid til både spesialistar og allmenta
  • kan problematisere og reflektere rundt omgrep, teoriar og metode innan historiefaget
  • kan på ein sjølvstendig måte initiere og formulere idear og prosjekt, det vil seie nytenking og innovasjon innan fagdisiplinen historie

For opptak til mastergradsprogram i historie krev ein avlagt bachelorgrad eller tilsvarende med ei fordjuping på minimum 80 studiepoeng i historie. Fordjupinga skal ha ein progresjon der minimum 30 studiepoeng er på 2000 nivå (påbyggingsnivå), eller tilsvarande. Fagleg minstekrav for opptak er karakteren C, som blir regna ut frå eit gjennomsnitt av karakterane i fordjupinga. (Det blir gitt unntak frå fordjupingspoeng i historie for bachelor i Russlandsstudier. Her er 70 studiepoeng fordjuping tilstrekkeleg som opptaksgrunnlag.)
Programmet har varierte undervisningsformer, blant anna forelesingar, seminar og ekskursjonar og diskusjonar. Undervisningsformene er nærmare omtalt i dei enkelte emneskildringane.

Fullført studium gjev kompetanse innan historiefaget sin teori og metode, i korleis historie blir nytta på ulike vis, i historiefaget si historie (historiografi), i korleis finne fram til og tileigne seg forskingslitteratur, korleis oppdatere fagkunnskapen og korleis arbeide fram eit forskingsprosjekt. Gjennom emna i opplæringsdelen og i arbeidet med masteroppgåva får studentane erfaring med, og kunnskap om, samanstilling av komplekse saksområde og kritisk tekstanalyse. Dette er kompetanse som har stor overføringsverdi og som er verdsett i mange og ulike felt av arbeidslivet. Med mastergrad i historie er moglegheitene for deltaking i arbeidslivet mange og varierte. Kandidatar med mastergrad i historie finn sitt virke innanfor skole- og utdaningssektoren, kultursektoren, arkiv, media og museum, eller på ulike nivå i privat og offentleg sektor.

Studiet i historie kvalifiserer til undervisnings- og forskarstillingar ved universitet og høgskular samt til oppdragsforsking for offentlege og private oppdragsgjevarar.

Kandidatar med særs gode resultat på mastergrad i historie er kvalifiserte til å søkje opptak til doktorgradsstudium (ph.d.-grad).

Master i historie kvalifiserer til å søke opptak til Ph.d.-program.

Ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning (HSL) vert det stilt krav om eit karaktersnitt på B (eller tilsvarande) på mastergraden for å bli tatt opp. Det blir vanlegvis lyst ut tre til fire nye stipendiatstillingar kvart år.

I ei stadig meir globalisert verd, er internasjonale erfaringar kjempeviktig! Historiestudentar som ønskjer å reise til utlandet, gjør det normalt i samband med kjeldeinnsamling eller biblioteks-/arkivopphald.

Eit utvekslingsopphald i utlandet vil utvide din personlege og faglege horisont. UiT gir deg mange moglegheiter til å ta delar av studia dine som utvekslingsstudent ved ein utanlandsk lærestad. Masterstudiet i historie opnar for utanlandsopphald i tredje semester. Snakk med internasjonal koordinator om dette.

Studentar på historie har hatt utvekslingsopphald ved mange universitet i Norden, Europa og i andre verdsdelar. Informasjon om søknadsprosessen, fristar, stipendmoglegheiter osb. finn du på universitetet sine nettsider om utveksling.






Contact
ISAK MÅSEIDE

Måseide, Isak


Studiekonsulent (historie)
Phone: +4777644294 isak.maseide@uit.no

Ketil Zachariassen AHR.jpg

Ketil Zachariassen


Førsteamanuensis i historie
Phone: +4777645235 ketil.zachariassen@uit.no

Bli student ved UiT!