From language learners to New Speakers and their role in language revitalization

Rundebordet From language learners to New Speakers and their role in language revitalization er eit sidearrangement ope for alle interesserte under konferansen EuroSLA 34 (34th Conference of the European Second Language Association).

Temaet for rundebordskonferansen er "Nye Talarar" av nasjonale minoritetsspråk, det vil seia majoritetsspråklege personar som vel å læra seg eit minoritetsspråk. Kva utfordringer møter dei og kva for rolle spelar dei for språkleg revitalisering? Dei fire panelistane er internasjonalt anerkjende språkforskarar som har jobba med og forska på nasjonale minoritetsspråk på Nordkalotten, særleg samiske språk og kvensk. 

Etter hovudsamtalen vil Inger Birkelund frå Kvääniteatteri ha eit kunstnarleg innslag etterfølgd av ein samtale om hennar erfaringar med å læra seg kvensk i vaksen alder og ta det i bruk som kunstspråk. 

Etter ein kaffipause vil Bernadette O'Rourke frå Glasgow-universitetet, ein av dei sentrale forskarane på temaet ‘New Speakers’, gi sine refleksjonar på samtalen før det blir opna for innspel frå publikum. 

Arrangementet er støtta finansielt av Fakultetet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning. Ei meir detaljert skildring av rundebordet finst på denne sida på konferansenettstaden for EuroSLA 34

When: 25.06.25 kl 14.00–17.00
Where: Auditorium 1 (TEO-H1 U1.820)
Location / Campus: Tromsø
Target group: Employees, Students, Guests, Invited
Contact: Øystein A. Vangsnes
Phone: 77645742
E-mail: oystein.vangsnes@uit.no
Add to calendar