– Anne er ein drivkraft i nord

I eit auditorium fylt til randen var statsminister, rektorar, ordførarar, vener, familie og kollegaer samla for å hylle Anne Husebekk sin dedikasjon til vitskapen, samfunnsbygging og gode liv i nord.

Ei rekkje med menneskje sit fremst i eit auditorium og lyttar.
Anne Husebekk med statsminister Jonas Gahr Støre ved si side. Photo: David Jensen / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar
Published: 19.09.25 16:45 Updated: 19.09.25 18:51
Om UiT

Anne Husebekk har vore lege, forskar og akademikar hjå UiT og UNN sidan ho tok doktorgraden i 1989. Ho var rektor ved UiT Noregs arktiske universitet frå 2013 til 2021.

No fyller ho 70 år og vert rektor og professor emerita – noko som vart markert med Husebekkseminaret.

Kø for å heidre Husebekk

Rommet var fylt av nestorar, vener, familie, tidlegare og noverande rektorar, prorektorar og hundrevis andre som ville vise Husebekk kor mykje dei set pris på ho, og takke for ein formidabel innsats i fleire tiår.

Husebekk helsar på sin forgjengar som UiT-rektor; Jarle Aarbakke. Foto: Jakob B. Henriksen / UiT

Passande nok fant seminaret plass i MH2, den store utvidinga av Det helsevitskaplege fakultet som opna i 2018, då Husebekk var rektor. Det er eitt av mange bygg, fusjonar og komplekse prosessar som vart fullført i løpet av Husebekk sine to rektorperiodar.

Kjenslevar statsminister

Statsminister og æresdoktor Jonas Gahr Støre la sitt første besøk etter valsigeren til UiT og Tromsø, for å anerkjenne Husebekk. Støre framheva nettopp dei mange tydelege resultata som står igjen frå hennar tid som rektor.

– Ho har jo ein personlegdom som er mild i forma, men bestemt på kvar ho vil, seier han.

I sin tale peika han på korleis Husebekk har vore uthalden i krevjande prosessar, bygga gode relasjonar og internasjonalt samarbeid.

– I sum ein drivkraft, sa han.

Når Støre så vart personleg, var det kjenslevart for både han og salen.

– Du lova meg ein gong å ta meg med på Tromsdalstind på ski. Det er lov å behalde draumar, og eg beheld den draumen, sa ein rørt statsminister.

Statsministeren og Husebekk fekk tid til ein prat i pausen. Foto: Jakob B. Henriksen / UiT

Ein leiar innan forsking

Kjenslevart og personleg vart det og då kollegaar ved UNN og Helsefak fortalte om Husebekk sin betydelege innsats i forsking og helse.

Tidlegare kollegaer frå immunologisk forskingsgruppe, Marie Therese Ahlen og Tor Stuge skildra Husebekk som ein usedvanleg god medarbeidar og leiar.

– Du har sånn tru på kva folk kan få til og ein unik evne til å gjere andre god, sa Ahlen.

Stuge viste korleis Husebekk starta, saman med andre, samarbeid mellom UNN og UiT som framleis lever den dag i dag.

Mange framheva korleis Husebekk opna dører for andre og introdusere menneskje for kvarandre – noko som mogleggjorde gode samarbeid.

– Du fekk styr på oss

Husebekk har eit stort internasjonalt nettverk, noko som vart tydeleg ved at nestoren Sir Peter Gluckman starta seminaret med sitt føredrag Honouring science’s principles in a troubled world. Gluckman er president i International Science Council, kor Husebekk er visepresident.

Peter Gluckman, president i International Science Council. Foto: Jakob B Henriksen / UiT

– Det har vore ei ære å jobbe saman med deg i desse åra, sa Gluckman.

Lars Kullerud er president i University of the Arctic (UArctic), kor Husebekk er nestleiar i styret. Han skildra ein prosess kor ho var sterkt delaktig i å forme UArctic over fleire år:

– Du tok det frå ein draum, ein ide, og gjorde det til ein ordentleg organisasjon. Du leiar framleis den filantropiske komiteen, og du får deg vener over alt, med dei mest utrulege forbindingar. Du får folk til å bry seg om Arktis, til og med i Mexico, sa Kullerud.

Mike Sfraga er tidlegare USA-ambassadør til Arktis og fungerande rektor for University of Alaska Fairbanks. Han kom heile vegen frå Alaska med eit vell av god ønskjer og kjærleik til Husebekk.

– Du har hatt stor innverknad på meg og så mange andre, med ditt fokus på stabilitet og at fakta tyder noko. Takk, min ven, sa Sfraga.

Ein som gjer alle til vinnarar

Husebekk er den UiT-rektoren som har vært med på flest fusjonar. Sveinung Eikeland, tidlegare rektor på Høgskulen i Finnmark (HiF) og viserektor på UiT, fortalte om Husebekk sin utrettelege innsats for å få fusjonen mellom UiT og HiF til å gå bra.

– Du redda UiT og Nord-Noreg med din interesse, omsorg og folkelegheit – noko vi i Alta såg veldig fort. Og du er framleis langt meir populær i Alta enn meg, sa Eikeland med eit smil.

Kenneth Ruud og Wenche Jakobsen var prorektorar i Husebekk sitt rektorat.

Dei tidlegare prorektorane Ruud og Jakobsen sat i panel med noverande rektor Dag Rune Olsen og konferansier Skjalg Fjellheim. Foto: David Jensen / UiT

– At fusjonen lukkast så godt skuldast jo Anne sin leiarskap, måten ho gjev tillit og ansvar, sa Ruud.

– Anne lyttar til folk, og vil gjere alle til vinnarar. Det er kjernen i Anne sitt arbeid. Det er eit kunststykke det Anne har gjort – ein bragd! sa Jakobsen.

Alta-ordførar Monica Nielsen sa at Husebekk heile tiden var oppteken av samanhengar og at ho ser verdien i kunnskap, historie og utvikling.

– Takk for at du såg og løfta oss, og knytte Alta og universitetet tettare saman. Vi skal ta vare på arva og bruke den til å ljose veg vidare for nye generasjonar, sa ho.

– Anne sit liv er ein suksessformel

Husebekk fekk og helsingar og blomar frå Trond Mohn for sitt arbeid med Tromsø Forskingsstiftelse og som symbol på kor glad Mohn er for å ha verte kjent med ho.

Studentparlamentet sa i sin helsing  at dei er djupt takksam for alt ho har gjort for studentar og studentdemokratiet. Dei skildra ho som ein samlande kraft som har lytta og lagt til rette for dialog, og vist at studentane har, og skal ha, ei stemme.

Rektor Dag Rune Olsen peika på at sidan Husebekk kom til Tromsø for femti år sidan, har ho hatt eit liv som på mange vis er samanfallande med UiT. Ho har vore på alle arenaene, og ho har lukkast på alle arenaene.

– Og dei som nyter godt av det, det er oss, sa Olsen.

– Anne sitt liv er ein suksessformel, men ikkje fordi ho vart lege, har patenter og vart rektor. Men fordi ho kom sørfrå, studerte her, og vart verande og bygde landsdelen. Ho vart ein del av identiteten vår, ho vart ein samfunnsbyggar. Ho vart ein drivkraft i nord.

Du kan sjå seminaret i opptak her:

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar
Published: 19.09.25 16:45 Updated: 19.09.25 18:51
Om UiT
Latest news from UiT