KI-lege vann Forskar Grand Prix
Henrik Lykke Joakimsen vann regionfinalen i Forskar Grand Prix og skal til Oslo for nasjonal finale 25. september. Med seg får han Tiziana Durazzano, som kom på andreplass.

– Dette er jo heil fantastisk! Kjempegøy! sier Henrik Lykke Joakimsen etter at sigeren er klar.
– Eg hadde mykje nervar, men dette var jo meir show og moro enn eg var førebudd på, held han fram.
Forskar Grand Prix
- Forskar Grand Prix er eit forrykande forskingsformidlingsshow under Forskingsdagane i september.
- Åtte doktorgradskandidatar får fire minutt til å presentera forskinga si.
- Ein fagjury kombinert med publikumsstemmer avgjer vinnaren.
- Vinnaren og den som kjem på andreplass får delta i den nasjonale finalen.
- I fagjuryen sit Jørgen Berge, prorektor for forsking og utvikling, Marianne Lein Moe, nyheitsredaktør i iTromsø og Ellen Andreassen, skodespelar ved Hålogoland teater
Joakimsen er lege og haldt sine presentasjonar om korleis ein kan bruke KI for å betre velje kva pasientar ein opererer for ryggproblem. For heile ein av tre ryggoperasjonar gjer ikkje pasienten betre.
– Ei fantastisk oppleving
Italienske Tiziana Durazzano vart nummer to i den spennande finalen. Ho brukte sine to presentasjonar på korleis ho kartlegg og kategoriserer eigenskapane til mikroskopiske dyr i arktiske farvatn. Dei er nemleg essensielle for lagring av karbon i hava, men vi veit alt for lite om korleis.
– No kjenner eg meg overvelda, men lukkeleg, seier ho.
– Dette har vore ein fantastisk oppleving, eg er nesten mållaus!
Til Oslo for å vinne
No ser dei begge to fram til å reise til den nasjonale finalen i Oslo i neste veke. Der skal dei to forsvare den nordlegaste landsdelen i konkurranse med andre regionale vinnarar frå Bergen, Kristiansand, Levanger og Oslo.
I finalen er det òg publikum og eit dommarpanel som kårar vinnaren. Du kan sjå finalen i Forsker Grand Prix direkte på forskning.no. og stemme på dine favorittar!
– Eg er veldig glad for å kunne dra, og eg skal gje mitt aller beste, seier Durazzano.
Joakimsen innser no at neste veke vert litt meir travel enn han hadde planlagt:
– Men det passar meg perfekt. Den skal eg ta, seier han.

Imponerte dommarar
Åtte deltakarar stilte opp i den regionale finalen, og fortalte om forsking på så ulike tema som atomkraft, barnevern, rundormar og språk. Filosof Maria Danielsen, som fortalte om si forsking på korleis KI kan truge verdiane våre og samfunnsstyringa, var med i finalerunda saman med Durazzano og Joakimsen.
Prorektor for forsking og utvikling ved UiT, Jørgen Berge, var ein av tre dommar, og prorektor for utdanning, Rikke G. Gjærum annonserte vinnarane frå scena.
Dei to er særs nøgd med det høge nivået på alle dei åtte deltakarane:
– Dette var jo eit forrykande show! Men det visar òg bredda av forskinga vår og korleis den speler ein viktig rolle på så mange områder, seier Berge.
– Eg er imponert over alle dei åtte og at dei tør gå utafor komfortsonen sin. Det er lurt å starte tidleg for å verte ein trygg formidlar, legg Gjærum til.
Du kan sjå heile finalen i opptak her: