Bli med på forskarshow – stem på favoritten din!

Åtte forskartalent gjev alt når dei går på scena under Forskar Grand Prix på torsdag. Du kan vere med å avgjere kven som vinn.

Gruppebilde av syv damer som står ute og smiler til fotografen.
Kjensler, kunstig intelligens og barnevern. Det er nokre av temaa denne spente gjengen byr på. Photo: Kaja Alexandra Halvei-Larsen / UiT
Portrettbilde av Aaraas, Elisabet
Aaraas, Elisabet elisabet.aaraas@uit.no Senior kommunikasjonsrådgiver
Published: 12.09.25 11:50 Updated: 25.09.25 14:51
Health Technology UiT Talent

Kvar haust, i samband med Forskningsdagane, konkurrerer doktorgradsstipendiatar om å nå toppen i den gjeve formidlingstevlinga Forskar Grand Prix.  

I år er det Maria, Tiziana, Synne, Henrik, Kristel, Mariken, Vanessa og Marie som skal i elden. 

I tre månader har dei øvd på presentasjonsteknikk og terpa på bodskapen sin. No har dei berre fire minutt til å begeistre publikum og sjåarar med forskinga si. 

Om KI, smådyr og engelsktalande ungar  

Frå scena på Bryggeriet i Tromsø vil dei fortelje om farane ved at KI ikkje kan føle, og om ungar som like gjerne snakkar engelsk som norsk.  

Du vil få høyre om smådyra som slit når havisen smeltar, og kva vi kan gjere for å gje ungdommar i barnevernet eit betre liv. 

Dette, og mykje meir, får du sjansen til å lære om på torsdag. 

Her er alle deltakarane.

Sjå dei live eller på VitenTV 

For å heie fram favoritten din, kan du anten delta som publikum eller sjå sendinga på VitenTV.  

  • Tid: torsdag 18. september, klokka 19 
  • Stad: Bryggeriet scene, Tromsø 
  • Digitalt: VitenTV eller nedst på denne sida

Nyfiken på kva anna som skjer under Forskingsdagane? Ta ein titt her.

Aaraas, Elisabet elisabet.aaraas@uit.no Senior kommunikasjonsrådgiver
Published: 12.09.25 11:50 Updated: 25.09.25 14:51
Health Technology UiT Talent
Latest news from UiT