Bergkunst og landskap - historier i berg frå steinalderen

Bli med og les bergkunsten som ingen har lese han før!
Utstillingsperiode: 2. mars - 12. mai 2019. Stad: UM, Lars Thørings veg 10 (Tromsø Museum).

Denne utstillinga baserer seg på forsking frå Noregs arktiske universitetsmuseum. Gjennom doktoravhandlinga si har arkeologen Jan Magne Gjerde synt at helleristingar og bergmåleri ikkje må tolkast berre ut frå sjølve figurane, men må setjast i samanheng med sjølve berget og omgjevnadane. Linjer og fargar i berget, plasseringa i landskapet, hellinga på bergflata, alt dette er med på å byggje opp historiene som bergkunsten fortel.

For den som kan sjå dette, opnar det seg ei verd av bergbilete med fortellingar som tek oss nær inn på livet til folk som levde fleire tusen år før oss. Bli med og les bergkunsten som ingen har lese han før!

Utstillinga tek føre seg bergkunst frå Noreg, Sverige, Finland og Nordvest-Russland.

Slipt risting av reinsdyr frå Jo-Sarsaklubben i Nordland, Noreg. Datert til eldre steinalder, om lag 9200 år gamal. Merk kordan ei lita, naturleg sprekk i berget er brukt som munn på dyret. 
Foto: Jan Magne Gjerde

Kva er bergkunst?

Bergkunst er bilete laga i berg. Det er figurar som er hogge, slipne eller måla inn i berget. Sjølve berget sine naturlege strukturar, eller landskapet der berget ligg, speler og ei rolle i dei historiene bergkunsten fortel.

Det finst og bergkunst laga med andre teknikkar, kor figurane kan vere bora eller skore in i mjukt berg. I dag ser vi dei til dømes som hol, groper eller V-kutta linjer i berget. Dei opptrer oftast i kombinasjon med hogge figurar.

I Fennoskandia er det helleristingar og målingar som er vanlegast. Bergkunsten finn vi på bergflater, lause steinar eller somme tider i 

                                                                                                         holer og hellerar.

Den eldste bergkunsten blei laga rett etter at dei første menneska busette seg langs kyststripa etter siste istid, for om lag 11 000 år sidan. Den yngste bergkunsten er berre nokre få hundreår gammal. Det meste av bergkunsten er laga i yngre steinalder, bronsealder og tidleg metalltid.

Forskarar ser no at element av naturen kring figurane spelar ei rolle i bergkunsten. Dei verkar i samspel med figurane og kan vere grunnen til at bergkunsten er plassert nett der dei er. Denne utstillinga viser døme på slikt samspel.

Arkeologen Jan Magne Gjerde på feltarbeid i Alta.

Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne
Informasjon
Starts: 02. marzo 2019 kl. 12.00
Ends: 12. mayo 2019 kl. 16.00
Where: Norges arktiske universitetsmuseum (Tromsø Museum)
Location / Campus: Tromsø
Target group: All

  Add to calendar