FIS og Skiforbundet på UiT-besøk
Narvik har hatt første FIS-inspeksjon før VM 2029. På UiT fekk dei sjå campusen som skal vere pressesenter under arrangementet, og høyre meir om UiT sitt bidrag til eit berekraftig VM.

Read the article in English here.
– Vi har ei veldig viktig moglegheit her, seier Susanna Sieff når ho snakkar om samarbeidet med UiT før verdsmeisterskapet i alpint i 2029.
Sieff er berekraftsdirektør i Det internasjonale skiforbundet (FIS), og blant delegasjonen som denne veka besøkte Narvik.
Her fekk dei inspisert skianlegg, publikumsområde, byen – og UiT sin campus, som skal fungere som pressesenter for tusenvis av journalistar under alpin-VM i 2029.
Pressesenteret er ein del av samarbeidsavtalen mellom UiT og VM 2029. I avtalen er også ei rekke andre prosjekt, som skal bidra med forsking og innovasjon, med mål om at VM 2029 blir det mest berekraftige vintersport-arrangementet nokon sinne.
Les også: UiT gjør det mulig å kombinere toppidrett og studier
UiT kan tenke utanfor boksen
Under besøket på UiT fekk Sieff og Marit Gjerland, fungerande organisasjonssjef i Noregs skiforbund, ein gjennomgang av prosjekta UiT kan bidra med til VM.
For Sieff, som berekraftsdirektør, er det viktig å redusere avtrykket til arrangementet så mykje som mogleg. Her kjem UiT-samarbeidet rundt forsking, utdanning og innovasjon med UiT godt med, meiner Sieff.
– Dokker har den yngre generasjonen med, dokker har gode hovud med, og kan verkeleg tenke utanfor boksen, seier ho.

For det handlar ikkje berre om å arrangere eit vellykka sportsarrangement i 2029, påpeiker Sieff.
– Det er viktig å samtidig tenke på berekraft, innovasjon, og utdanning for nye generasjonar. Dette er ein vinn-vinn-situasjon, ikkje berre for samfunnet og universitetet, men også for den lokale arrangøren og for sportssida, seier ho.
VM 2029 er ei moglegheit for å teste ut nye, innovative løysingar. Resultata kan så takast med vidare, og forbetre sportsarrangement i framtida.
Les også: Vekket VM-engasjementet på campus
UiT bidreg til å hente ut meirverdien av VM
Marit Gjerland i Noregs skiforbund peiker på kor viktig det er å hente ut meirverdien av eit arrangement som alpin-VM. Det er her UiT kjem inn som ein naturleg samarbeidspartnar. For, som nemnt i fleire samanhengar: VM skal vere meir enn ein to veker lang skifest. Og då er det gode fagmiljøet ved UiT godt å ha med.
–Vi skal ha ei arv; sportsleg sett, ja, reiselivsmessig, ja, men også på mange andre område. Der er det universitetet har komme inn, og vore veldig tidleg ute med å rigge denne meirverdiplanen, slik at VM, som har sin pris, definitivt, skal gi eit best mogleg resultat på mange andre område enn berre det sportslege, seier Gjerland.
Ho har jobba med dette verdsmeisterskapet i åtte år gjennom Skiforbundet, og synest det er fantastisk å ha komme hit vi er komme no.
– Eg har veldig trua på Narvik. Det er kjempeeksotisk å vere her, og eg blir av og til heilt svimmel av å tenke på den moglegheita vi har fått, og det som vi har fått anledning til å vise fram. Det er så masse å by på her, seier Gjerland.

Ho peiker på at det no gjeld å ha ressursar nok til at vi får henta ut meirverdien som gjer arrangementet til ein suksess.
– Vi skal ikkje berre ha eit ok arrangement. Vi skal ha ein suksess. Då er det alle desse pakkane rundt det arrangementstekniske som er forskjellen, seier Gjerstad, og viser til prosjekta UiT bidreg med.
Ho omtaler prosjekta som både konkrete og matnyttige.
– Det eg likar spesielt godt ved det vi har sett i dag, og som eg for så vidt har sett før, er at det er veldig konkret, og det er ein plan som i innovasjonssamanheng skal sikre ganske raske resultat, seier Gjerland.
Samstundes minner ho om at VM berre er fire år unna. Dermed kan ikkje tidshorisonten vere altfor lang, viss Narvik skal nyte godt av det.
– Samstundes er det i forskinga sin natur at vi ikkje heilt veit kva vi får av resultat, og det vil ta tid. Men her har vi litt meir hastverk, og det er bra, seier Gjerland.
Les også: UiT bidrar til et bærekraftig VM
Gjeld å nytte sjansen
Jørn Eldby er koordinator for UiT sitt samarbeid med VM 2029. Han tok imot Sieff og Gjerland onsdag, men også delegasjonen på rundt 20 menneske som dagen etter inspiserte campus til bruken som pressesenter.
– For universitetet er det veldig interessant å komme inn i vintersporten og kunne bidra med kompetanse, undervising, forsking, seier Eldby.
Han trekker fram det han meiner fagmiljøet ved UiT i Narvik er spesielt gode på:
– Vi er veldig applied, veldig anvendt, i vår måte å tenke forsking og utvikling på.
No gjeld det å nytte sjansen som følger med samarbeidet med FIS, Skiforbundet og Narvikfjellet til å finne prosjekta som gir oss kompetanse, meiner Eldby.
– Både kortsiktig for å kunne levere nokre klare resultat, som Gjerland nemner, men også det langsiktige: å få bygd kompetanse på forskingssida, og nye undervisingstilbod.
